Kvinner i plastindustrien
Et synlighetsprosjekt av Stjørdal museum, Værnes
Vi gjekk gjennom arkivet til handelsforeninga i Stjørdal for å finne kvinnelege gründere og kjøpmenn, men fann ingen ting. Når vi så tok fatt på arkivet til plastindustrien i Stjørdal vart vi også overraska over at dei ikkje finst, sjølv om dette er såpass nye arkiv at vi veit dei var der.
Plastindustrien var ein stor kvinnearbeidsplass i Stjørdal, men dette gjenspeglar seg ikkje i arkivmaterialet. Dette seier noko om kven som har skapt arkiva og for kven.
Vi vart veldig bevisste at arkivmateriale og forvaltning generelt, langt frå er kjønnsnøytralt. Vi må sette fokus på dette med kjønn i forvaltninga, og kanskje vil det da forplante seg vidare i museet, både gjennom formidling og forsking.